Samspill og avstand

PACEM 15:1 (2012), s. 29-38

ISSN 1500-2322

© Feltprestkorpset

Should I Stay or Should I Go

Av Arne Strand

Den gamle Clash hiten stiller opp dilemmaet det internasjonale samfunnet no står overfor i Afghanistan: «Should I stay or should I go. If I stay there will be trouble, if I go it will be double».

Men kven sitt dilemma er dette, kan me spørje. Er det vårt eller er det Afghanarane sitt, kven sitt dilemma er størst, no og over tid. Her er ei rekke spørsmål det er trong for å gå bak det offisielle bilete for å finne utav, for å sjå kva Noreg eventuelt kunne gjort annasleis og kva som kan, og bør, gjerast framover. Kva mål har me hatt og kvar vert no skulda lagt, kven har vunne og kven har tapt?

Mine dilemma

Eg kan med ei gong flagge dilemma eg står overfor: eg trur ikkje vidare bruk av militære verkemiddel vil kunne skape fred i Afghanistan. Men eg fryktar at eit fråvære av internasjonale militære styrkar kan føre til ny borgarkrig i landet. Eg såg ved sjølvsyn kor galt det gjekk på 90-talet då verdsamfunnet sist mista interessa for Afghanistan etter at Sovjetunionen hadde trekt ut sine militære styrkar og den Kalde Krigen tok slutt. Det var då Kabul vart rasert, det skjedde omfattande etnisk reinsing og landet vart oppdelt mellom krigsherrar frå forskjellige Muhjahedin parti. I dag er eit viktig mål for Krigen mot Terror oppnådd ved at Osama bin-Laden er drepen og Al Qaida er svekka i Afghanistan. Afghanarane har fått ein eigen hær som skal trygge dei, og dei internasjonale styrkane er i ferd med å trekkjast ut. Men Afghanarane føle seg ikkje trygge for framtida, dei har sett ein form for krig avløyse den andre sidan 1979 og fryktar det vil skje igjen.

Samstundes ser eg eit anna dilemma me også må adressere: kva ettermæle gjer me dei 8000 norske soldatane som har tenestegjort der sidan 2001? Kor ærlege er me om utviklinga i Afghanistan utan at ansvaret for feilslaga vert lagt på skuldrene av den enkelte soldat som har delteke der. Mange kan føle ansvar for det dei har opplevd og utført i militær teneste, dei kan ikkje berre slette bilete av skotvekslingar, såra og drepne. Det er minne dei skal leve med men som kan vere vanskeleg å dele sjølv om tenesta i Afghanistan er avslutta. Det må der vere eit system på plass for å fange opp.

Me må også stille det vanskelege spørsmålet: har det internasjonale og det militære nærværet i Afghanistan ført til positive endringane i forhold til sikkerheit, bygging av ein fungerande stat og sikring av individ sine rettar? Er det noko som tilseier at ein bør forlenge det militære nærværet for å fullføre oppdraget, eller er utviklinga kome så langt med at det er på tide å reise? Eg vil i denne artikkelen presentere og drøfte ein del eksempel på resultatoppnåing som tilseier at sjølv om noko har gått i rett retning er der også mykje som tilseier at tida er inne til å trekkje seg ut.

Situasjon i Afghanistan

Realiteten er at tidspunktet for den planlagde militære retretten frå Afghanistan vert stadig pressa framover frå den opphavlege sluttdatoen i 2014. Det internasjonale samfunnet har det travelt med å avslutte sitt meir enn 10 år lange nærvære, tryggingsansvar er i ferd med å verte overført til den Afghanske hæren og politiet. Noreg lovar å oppretthalde sitt styrkebidrag så lenge NATO står der, men soldatane skal ut ifrå Faryab provinsen alt i løpet av 2012. Spørsmålet er kva rolle dei då skal ha i nord-Afghanistan. Spesialstyrkane er attende i Kabul, oppgåva er å hjelpe til å trygge hovudstaden mot stadige angrep frå det som truleg er ein del av Taliban nettverket.

Det er ikkje eit fredeleg land dei internasjonale styrkane er i ferd med å forlate, heller ikkje eit som kan kallast demokratisk, gjennoppbygd eller der menneskerettane er ivaretatt. Det meste av det norske politikarar nytta som argument i 2001 for deltaking i den USA leia Operation Enduring Freedom (OEF), og seinare i den FN mandaterte International Security Assistance Force (ISAF), er i liten grad oppnådd. Sikkerheita er forbetra i ein del område men langt verre i andre, og det overordna bilete er av større uro og meir organisert militær opposisjon no enn for eksempel i 2005. Kvinner har fått ein del formelle rettar og er kvotert inn i parlamentet og provinsråd, og det er bra, men dei har i liten grad fått auka innflytelse og sikra sine rettar i samfunnet. Der er bygd mange skular og både jenter og gutar har no høve til å få utdanning, men lærarmangel og sviktande vedlikehald av bygningar er ein trussel mot oppretthalding av kvalitet på undervisninga. Den største utfordringa er likevel at den Afghanske regjeringa manglar tillit i den Afghanske befolkninga. Gjennom nepotisme, korrupsjon, vanstyre, valfusk og maktmisbruk har dei gjort seg rike medan det store fleirtalet i liten grad har nytt godt av dei milliardane i utviklingsstøtte landet har motteke. Ein Verdsbank rapport oppsummerte kynisk at mange Afghanarar i liten grad ville merke endring ved at den internasjonale støtta vert redusert i åra framover, dei har knapt forbetra sine levekår. Då hjelpe det ikkje så mykje at det tross alt er vorte betre vegar og mange fleire har fått seg mobiltelefonar, det kan også auka deira høve til å formidle sin misnøye.

Mange Afghanarar fryktar for borgarkrig når dei internasjonale styrkane er ute, dei er redd for å oppleve det same som etter Sovjetunionen si uttrekning i 1989. No som då posisjonerar nabolanda seg for å ivareta sine eigne interesser, eller hindra andre i å få innflytelse. I Kabul flytte innbyggjarane til område dei kan utgjere eit etnisk fleirtal i, og igjen ser me at Afghanarane investerar i å sende ungdommane sine ut av landet. Afghanarar utgjer igjen den største gruppa av mindreårige asylsøkjarar til Noreg. Her er ei rekke teikn som tyder på at dei ikkje har tru på ei fredeleg framtid.

Det står i sterk kontrast til internasjonale og norske politikarar og militære leiarar som vektlegg suksess sogene, og fryktar at dei er underkommunisert. Dei framhevar ikkje minst talet på jenter i skule, kilometer veg bygd og at den afghanske hæren har ein størrelse og ein kvalitet som tilseier at dei kan ta over ansvar. Der er langt meir kritiske røyster å høyre frå militært personale i felt. Dei tvilar på at hæren (og politiet) vil vere i stand til å trygge landet og ta ordrar frå politisk hald. Forskar Astri Suhrke set ord på si uro med tittelen på si siste bok Eksperimentet Afghanistan. Her syner ho korleis auken i talet på internasjonale styrkar og bruk av bistandsmidlar heller har auka konflikten enn å svekke Taliban sin innflytelse. Og kor vanskeleg det er å samstundes føre krig og byggje fred.

Kva gjekk galt?

Noreg hadde knapt noko anna val enn å delta i dei militære operasjonane då USA utifrå NATO si sjølvforsvarspakt kalla til militær aksjon etter angrepet i september 2001 eller då FN gav fullmakt til oppretting av International Security Assistance Force (ISAF) seinare same år. Men samstundes har Noreg akseptert ein del strategiske val som OEF og NATO har tatt undervegs som dei må dele ansvar for, og har sjølv stått for andre prioriteringar som dei må haldast ansvarleg for. Soga om krigføringa i Afghanistan er langt frå ferdigskriven, men me ser konturar av ei utvikling der militære vurderingar og prioriteringar synest å ha overstyrt ein meir langsiktig statsbyggings agenda.

Det var framstilt som enkelt i 2001. Taliban var «the bad guys» som hadde husa og ikkje omgåande ville utlevere Osama bin-Laden etter terrorangrepet i USA. Det internasjonale samfunnet allierte seg med den militære opposisjonen – dei tidlegare Muhjahedin kommandantane og krigarane som med internasjonal støtte hadde utfordra dei Sovjetiske styrkane militært på 80talet. Dei var gamle kjende for etterretningsorganisasjonane og dei fleste kommandantane takka ja til lovnader om omfattande økonomisk og militær støtte for å ta opp kampen mot Taliban. Mange av dei hadde vorte fordrivne etter at dei på 90 talet hadde rasert Kabul og kjempa seg imellom om makt og innflytelse. Andre hadde halde fram motstanden i dei 20 prosent av landet Taliban ikkje klarde å ta kontroll over. Desse styrkane, omtala som Nordalliansen, dreiv krigføringa på bakken medan internasjonale styrkar bomba Taliban posisjonar frå lufta og dreiv dei relativt raskt utav Kabul og utav makta. Det var desse sigersherrane som vart inviterte til Bonn i Tyskland for å gjere avtale om ei maktdeling og statsdanning, der dei delte sigeren, ministeria og dei viktige posisjonane seg imellom. Vinnaren tok alt, taparane vart utelukka frå forhandlingsbordet. Problemet alt då var at mange av «vinnarane» var personar eit fleirtal av afghanarar ikkje hadde ønskja seg tilbakar i maktposisjonar. Men desse har gjennom tilgang til støtte og økonomiske midlar frå det internasjonale samfunnet kunna sikre sine posisjonar og innflytelse inne frå statsapparatet.

Likevel såg mykje lyst ut i 2002. Der vart avhalde eit storråd (Loja Jirga) som innsette Hamid Karzai som interim-president. Han oppnemnde eit kabinett med ei blanding av tidlegare krigsherrar og folk med bakgrunn frå frivillige organisasjonar og Verdsbanken. Ein uavhengig menneskerettskommisjon vart oppnemd, arbeidet starta med å få på plass ei grunnlov og førebu til val til parlamentet og av president. Dei væpna gruppene skulle avvæpnast (unntatt dei OEF hadde nytte av) og ein ny afghansk hær og politikorps byggjast opp. Men bak denne fasaden pågjekk den afghanske maktkampen, grupper inntok «sine» ministerier, kommandantar fekk med sine tidlegare soldatar inn i «sin» politistyrke, president Karzai dreiv hestehandel med «sine» politiske verv for å sikre vidare lojalitet. Menneskerettsovergrep vart oversett, det vart viktig å halde «the good guys» på laget og ikkje øydelegge for Krigen mot Terror.

Det sende sterke signal om at det var fritt fram for nye overgrep, så lenge den Afghanske staten ikkje vart utfordra. Eit eksempel er etterforsking av avrettinga eller «kontainerifiseringa» av opptil 2000 Taliban soldatar i Dasht-i-Leili ørkenen i desember 2001, den stogga opp på tross av identifisering av massegraver og vitneprov om at General Dostum og hans folk stod bak. Ei årsak var at USA motsette seg gransking grunna påstandar om at også amerikanske spesialstyrkar hadde teke del, NATO og ISAF var tause. Den ein kunne forvente at skulle støtte ei etterforsking, FN sin øvste representant, inntok ei haldning om at rettigheiter måtte vente. Som han vart sitert på i eit intervju: «[O] our responsibility to the living has to take precedence over the dead». Eit sterkt signal om at verdsamfunnet, både det sivile og militære, var villige til å oversjå eit av dei fundamenta dei hadde argumentert for at måtte liggje til grunn for den nye Afghanske staten: respekt for menneskeretten. Og det slutta ikkje der. Dei som overvar det første storrådet i Kabul hevda at mykje av den opne prosessen vart tapt då FN og ISAF gav den afghanske etterretningstenesta tilgang til rådsteltet og høve til å påverke prosessen. Det skjedde etter truslar om at teltet elles kom til å verte bomba. Truslar var framsett av folk nær ein noverande visepresident, the «good guys» hadde sikra sin kontroll over prosessen.

Det overordna målet var likevel å byggje ein sterk og sentralt styrt stat, med fungerande rettsvesen og demokratisk vald president og parlament. Problemet var at både dei internasjonale og dei afghanske aktørane motarbeida dette, eller prøvde å sikre at det gjekk i ein retning som opprettheld deira innflytelse. De var etter kvart ikkje mangel på verken ei grunnlov eller vallov eller kommisjonar som skulle overhalde desse, problemet var at dei ikkje vart respektert.

«Winning hearts and minds»

Den militære operasjonen endra karakter då USA i 2003 tillet ISAF å etablere seg utafor Kabul. Oppretting av Provincial Reconstruction Teams (PRT), der enkeltland fekk ansvar for ein provins, fragmenterte ikkje berre landet ytterlegare. Det la også grunn for veldig forskjellige humanitære og utviklingsmessige prioriteringar og ressurstilgang til den enkelte provinsen. Det konkurrerte då økonomisk (og derav maktmessig) med president Karzai og hans regjering sitt høve til å utøve nasjonal myndigheit. Samstundes skapte PRTane si vektlegging av å også kunne yte naudhjelp og utviklingsstøtte «to win hearts and minds» sterk uro hjå frivillige organisajonar og i FN. Dei frykta for at skilje mellom dei militære og sivile rollane vart utviska. Dette førte også til debatt i Noreg, der det frå militært hald vart argumentert med at trong for bistand til befolkinga i dei område dei hadde reinsa for motstand med militære maktmiddel. Vona var at desse då skulle snu seg frå opprørarane og gje si støtte til styresmaktene. Mange forskarar hevda at dette ikkje ville virke. Det var ikkje mangel på bistand som gjorde at dei vende seg imot dei internasjonale styrkane og den afghanske regjeringa, noko seinare forsking har stadfesta.

Likevel, det humanitære «skjoldet» gav nok militært personale ei oppleving av å kunne yte noko til eit fattig land og folk. Reaksjonane vart derfor sterke då den norske raudgrøne regjeringa la om kursen etter 2005. Først kom utrekninga av Operation Enduring Freedom, markering av at Noreg ikkje skulle delta i operasjonane i sør-Afghanistan (der m.a. danskane var) men konsentrera seg i nord og i Faryab provinsen. Så kom grensedraginga mellom den sivile og militære operasjonen ved at ansvaret for naudhjelp og bistand løyvingar vart tillagt utsendingar frå Utanriksministeriet og at Forsvaret ikkje lenger hadde høve til å nytte slike midlar. Det innebar at Noreg prioriterte å sikre det «humanitære rommet» for dei sivile aktørane framfor å gje dei militære større handlingsrom. Det er i tråd med det Noreg har forplikta seg til internasjonalt, men som dei fleste andre NATO landa ikkje overheld i Afghanistan.

Utvidinga i Ghormach

Så kom det som i ettertid, og frå eit sivilt synspunkt, framstår som eit svært merkeleg val. Nemleg ønskje frå norsk hald om å gå inn militært i Ghormach området i naboprovinsen Baghdris – som låg under den spanske PRTen sin kontroll. Argumentet var at Taliban (på grunn av at det primært var pashtunarar i dette området) kunne nytte området til å førebu angrep inn i Faryab provinsen, og at det var viktig med militært førebygging. For dei som har arbeida lenge med Afghanistan har dette området alltid vore eit uro-senter med høg grad av lokale konfliktar over mellom anna pistasjressursane der. Men der er og sterke etnisk spenning mellom pashtunarar, tadjikar og uzbekar som hadde medført at pashtunarane fleire gonger har vorte drivne på flukt. Noreg gjekk langt i å sikre seg tilgang, dei fekk President Karzai til å utgje eit dekret som midlertidig endre provinsgrensa og innlemme det pashtun dominerte området inn i ein usbek dominert Faryab provins.

Ein liten kikk på nær historia burde gitt eit hint om at dette var særdeles uklokt, og nøydd til å setje norske styrkar i større fare. Etter Taliban sitt fall hadde uzbekarane, med General Dostum i spissen, tatt ein blodig hemn over pashtunarne som budde i nord, uansett om dei hadde støtta Taliban eller ikkje. Land og buskap vart konfiskert, det var rapportert om overgrep mot både menn og kvinner, jenter og gutar. Det var liten tvil om at krigsherre/general Rashid Dostum hadde vore involvert i massakren i Dash e Laili, han dreiv også ein utstrakt handel med dei overlevande pashtunske Taliban krigsfangane. Meldinga som gjekk til familien var klar: betal eller han vert drept. Uzbekarar generelt og Dostum spesielt hadde – og har – sterk militær og politisk innflytelse i Faryab provinsen. Slik sett ville ein kvar militærstyrke som kom til Ghormach frå basar i Faryab verte sett på som i allianse med uzbekarane, som deira «utsendte». I dette vepsebolet valde den norske militære leiinga å ta eit aktiv val som måtte medføra aktiv militær motstand. Dersom dei ikkje visste det, var det dårleg forarbeid. Men tok dei ein kalkulert risiko, ligg det i overkant av kva som synest fornuftig i forhold til resultatoppnåing oppimot kva fare norske styrkar vart satt i. Om nokre «talibanar» kanskje er eliminert, synest det å vere eit lite utbyte samanlikna med den auken i etniske spenning dette har vorte del av, i nord og i resten av Afghanistan.

Lokalt og Afghansk ansvar

Dette spelar også inn i ei anna generell utvikling som er like negativ, det at det internasjonale engasjementet vart «lokalisert». Då det etter kvart vart stilt spørsmål om den afghanske staten sin emne og vilje til å vere ei drivkraft for å sikre utvikling, sikkerheit og eit fungerande rettsvesen skifta det internasjonale fokuset over på å byggje «lokal kapasitet». For rettsvesenet vart det synt til ein FN rapport som hevda at 70 % av afghanarane på grunn av korrupsjon og lang sakstid heller ville nytte det tradisjonelle og lokale konflikthandteringssystemet heller enn det nasjonale rettsvesenet. Millionar i støtte vart dermed snudd frå ei vidare styrking av det statlege rettsapparatet til å understøtta det tradisjonelle rettssystemet. Det er kanskje raskare, men ivaretek i langt mindre grad rettstryggleiken til sårbare grupper og ikkje minst kvinner.

Ein såg same utviklinga når det gjaldt sikkerheit, her vart det ivra for oppretting av lokale forsvarsgrupper. Namna på eininga har vore forskjellige, arbaki er nytta, det er den stammebaserte (men ikkje permanente) pashtunske militære eininga, men også «local police». Slike grupper vart også oppretta i Faryab, og Forsvaret har generelt utrykt seg positivt om dei, og operert i parallell med dei ifølge artiklar i norsk presse.

Men uansett namn, det var ein strategi som medførte at lokale maktpersonar (mange hadde vorte avvæpna og forsøkt reintegrert gjennom FN program tidleg på 90 talet) igjen fekk tilgang til våpen, lønningar for sine undersåttar og internasjonal og nasjonal støtte. Det var ikkje lenger berre dei «nasjonale kommandantene» som var sikra innflytelse i den militære/politiske utviklinga av Afghanstan, no vart også dei «lokale kommandantane» ført attende og gitt fornya legitimitet. I Wardak provinsen har spenninga mellom pashtunarar og den etniske/religiøse hazara minoriteten auka dei siste åra. Her var det utelukkande hazaraene som let seg verve. Og dette har definitivt ikkje redusert konfliktnivået i Wardak. Den årlege beitekonflikten som oppstår når pashtunske nomader tek sine husdyrflokkar inn på hazarane sine beiteområde, spreidde seg i vår også til Kabul. Millionar av dollar vert no pumpa inn frå USAID til eit koochi (nomade) prosjekt, som skal søkje å redusere denne konflikten.

Me ser også andre og meir langvarige og urovekkande resultat av denne «lokaliserte» strategien. Det eine er at meir våpen til lokale grupper nødvendigvis vil kunne auke konfliktnået lokalt, i alle fall når det har medført auka militærmakt til dei som har ambisjonar om å sikre seg meir makt. Når nasjonale lønninga ikkje lenger vert betalt, har gruppene starta å skattlegge den lokale befolkninga for å oppretthalde sitt virke (med eit argument om at dei skal verne dei). Me har også sett at arbaki kommandantar i nord har tatt seg til rette med å forlanga giftemål med attraktive jenter i område dei kontrollerar. Og, som eg ser i ein studie eg gjennomfører av det tradisjonelle rettsvesenet, gruppene har tilegna seg så mykje makt at dei underminerar legitimiteten til dei tradisjonelle konflikthandteringsråda – og i tillegg er dei så militært sterke at dei enkelte stader utfordrar den afghanske staten sitt maktmonopol.

Då er me, med vitande vilje, tilbake til der situasjonen var før Taliban fekk så mykje lokal støtte i 1994 at dei kunne kaste kommandantar utav Afghanistan. Før dei hadde avvæpna store deler av landet og stogga all narkotikadyrking i områda dei kontrollerte. Er det då så merkeleg at Afghanarane er i stuss over kva intensjonane til det internasjonale samfunnet er, at det er ei manglande legitimitet for dette engasjementet mellom mange afghanarar? Men at dei samstundes er redde for kva som skjer når dei internasjonale styrkane forlet landet, og då ikkje berre for kva Taliban kan finn på og står for men også våre Afghanske allierte?

Det vanskelege valet

Det er i denne konteksten me må drøfte dette med å verte eller reise for internasjonale og norske militære styrkar. Om der er noko form for vidare militært nærvære som tener den vidare utviklinga i Afghanistan. Her set eg tilside diskusjon om eit nærvære kan hindre at Islamske terroristar igjen nyttar landet til trening og planlegging av nye terroraksjonar, i denne samanheng er nabolandet Pakistan for tida ei større utfordring – men det er eit land eg ser lite høve for at Noreg skal engasjere seg militært i.

For å gå attende til mitt første dilemma. Eg er stadig sikrare på at det noverande militære engasjementet aukar og ikkje reduserar den militære konflikten i Afghanistan, og det vert stadig forsterka av uvettig framferd av våre allierte soldatar, som ved brenning av koranar. Den auka motstanden i det afghanske folket og inntrykket av at dei internasjonale styrkane er nokon som invaderar dei heller enn å forsvare dei. Den sterke auken av afghanske soldatar og folk i deira etterretningsvesen som drep utanlandske soldatar, er for meg eit teikn på kor upopulære dei militære styrkane er og at dei manglar ein grunnleggjande legitimitet for oppdraget hjå dei som skal ta over ansvaret. Alle drapa kan ikkje naturleg forklarast med Taliban infiltrering, til det er bakgrunnen til dei som angrip for mangfaldig. Mi meining er derfor at den noverande internasjonale militæraksjonen bør avsluttast i si noverande form, og ISAF/ OEF soldatar bør trekkjast ut som planlagd.

Kan så Afghanarane klare seg sjølve sikkerheitsmessig? Mange stiller spørsmål ved om soldatane har den naudsynte treninga, organiseringa, utrustninga – og lojalitet til afghanske styresmakter. Det som er klart er at Afghanistan har fått ein hær som er langt større enn både kva dei treng for eiga sikkerheit og kva dei (og verdsamfunnet) har råd til å finansiera framover. I tillegg kjem politi og lokale forsvarsgrupper, som det i større grad enn for hæren kan stillast spørsmål om kven dei er lojale til. Det usikre inntektsgrunnlag deira gjer grunn til uro, det er lett å frykte at dei igjen kan nytte sine våpen og maktposisjonar til å sikre seg andre inntektskjelder – og til slutt enda opp å slåst om dette inn­tektsgrunnlaget. Å sikre politisk kontroll (og ansvarlege styresmakter) og å skape arbeidsplassar til dei som etter kvart må finnast anna arbeid enn i det militære må vere ein prioritet, og til det formålet er engasjement på politisk hald og utviklingstøtte best eigna.

Det eg omtalar som ei lokalisering av konflikt og ansvaret for den, tillegg også større ansvar til Afghanarane for utviklinga framover. Det gjer og større grunnlag for å tillegge dei skulda om/når noko skulle det verte ei negative sikkerheitsmessig eller politisk utvikling. Det kan igjen medføre kutt i utviklings og humanitær støtte, på grunn av at Afghanarane «ikkje har synt seg ansvarlege».

Men framleis er det viktig å etablere ein grad av fysisk sikkerheit, skal den politiske prosessen gå vidare i Afghanistan, og nye val gjennomførast. Eg trur likevel ikkje at me får ei utvikling fram mot 2014 som er heilt lik den me såg på tidleg 90 tal eller etter Taliban si overtaking. Dei politiske parti som dominerte på 90 talet har mista sin innflytelse og mange av leiarane frå den tida er for gamle til å kunne mobilisere militært. Sønene deira, som har rykt opp i systemet, har heller ikkje same innflytelse som fedrane hadde. Taliban trur eg har lært frå siste gongen dei sat i maktposisjonar at dei ikkje kan køyre ei tung tradisjonalistisk islamsk innretning på instruering av korleis Afghanarane skal leva liva sine. Dei har alt tona ned motstanden sin til jenteskular, og har opne for bistand til dei lokalsamfunna dei har kontroll over. Dei vil måtte ha ei anna respekt for dei etniske minoritetane – dei veit at dei ikkje kan nedkjempe dei militært slik dei prøvde sist. Men det betyr ikkje at dei vil unnlate å nytte militære maktmidlar i tida framover, det vil skje så lenge dei vert utfordra militært. Dei kan ikkje tape si ære som krigarar ved ta første steg og tilby fred, og dermed signalisere at dei gjer seg overfor dei internasjonale styrkane.

Men, dei som sit med den sentrale politisk og militær makta i Afghanistan idag, ønskje nok heller ikkje å gje slepp på den. Frykta er at dei kan ty til bruk av militære maktmidlar dersom dei ikkje kan oppretthalde ein viss grad av innflytelse. Svak sikkerheit kan nyttast som argument til å utsetja presidentvalet som etter planen skal skje i 2014, men som President Karzai foreslår framskunda til 2013. Eit val vil trengje både eit trygt politisk handlingsrom og observasjon – det kan fordre ein viss militær nærvære, utover det som gjenstår av ISAF styrkar eller også amerikanske styrkar, som det er forhandlingar om som del av eit strategisk samarbeid mellom Afghanistan og USA. Vert desse styrkane værande, kan det utelukke det eg trur hadde vore den beste løysninga for å redusere konfliktnivået (og skepsisen frå nabolanda): ein FN styrke med fleirtal av soldatar frå muslimske land, men utan naboland, som skal ha ansvar for sikkerheit i Kabul og i dei større byar og sikre at hovudvegane er trygge for alle reisande.

Køyr debatt

Ettermælet, og legitimiteten, for Afghanistan engasjementet er viktig for dei 8000 militære som har tenestegjort der. Bidrog dei til ein suksess, som militære leiarar og politikarar no framhevar, eller til noko som endar nærare kaos og tap som eg oppleve at mange som kjem derfrå no fryktar. Det som er klart er at det i tilfelle er politikarar og militære leiarar, og NATO, som må haldast til ansvar, ikkje den enkelte soldat eller befal som berre har fylgt ordre. At politikarane i stadig større grad legg skulda på afghanarane (og litt på Pakistan og Iran), er berre ein del av sanninga. Avslaget i Stortinget om å opprette ein kommisjon for å sjå på heile det norske Afghanistan engasjementet, kan tolkast som om der er noko å halde skjult. Eg fryktar at det kan gjere det vanskeleg for dei som har tenestegjort i Afghanistan å snakke om det som verkeleg har skjedd, både det positive og det negative. Det har me ikkje råd til verken som nasjon eller i forhold til dei som har tenestegjort der no over dei siste 10 åra. Me treng den offentlege debatten der alle må kunne delta, der me kan ha ein sakleg debatt om kva som er oppnådd og ikkje – gløymeboka vert feil her.

Arne Strand er assisterande direktør ved Chr. Michelsens Institutt (CMI) og har ein doktorgrad frå University of York på tematikk rundt gjenreising etter konflikt. Strand leia Institutt for Fredsforskning (PRIO)sitt Kypros kontor frå 2007 til 2009. Strand har arbeidd med Afghanistan sidan 1988.



Kontaktinformasjon til redaksjonen og tidsskriftet