Islamsk fundamentalisme, vestleg militærmakt og humanitær inter

PACEM 2:2 (1999), 133-141

ISSN 1500-2322

© Feltprestkorpset

Islam, vestleg militærmakt og humanitær intervensjon

Av Brynjar Lia

Biletet av islam

«Trugsmålet frå Islam» i ulike versjonar og med eller utan spørsmålsteikn har figurert som tittel på tallause reportasjar, føredrag, tidsskriftartiklar og bøker det siste tiåret.1 Medan presseoppslaga vanlegvis fokuserer på dei mest spektakulære terroråtaka utførte av den mykje frykta Usama Ben Laden og andre islamske fundamentalistar, som til dømes massakren på utanlandske turistar i den egyptiske byen Luxor eller bombeåtak mot USAs ambassadar i Tanzania og Kenya, dreier den akademiske litteraturen om temaet meir om å avmytifisere «myten om islam som eit trugsmål».

Frykta for islamsk fundamentalisme kan sporast attende til den iranske revolusjonen i 1977-9, då eit pro-vestleg regime fell og eit radikalt og revolusjonært islamsk styre kom til makta med eit sterkt engasjement i å spreie den islamske revolusjonen utanom landets grenser. Sidan revolusjonen har Iran figurert på US State Department si liste over statar som sponsar terrorisme. Det same gjeld ei rekkje statar i Midtausten, Irak, Libya, Syria og Sudan, og alle har oppnådd nemninga «rogue states» eller «bølle-statar» i USAs terminologi. Med og utan støtte og velsigning frå dei såkalla «bølle-statene» har ei rekkje opposisjonsgrupper som kallar seg «islamske», brukt valdelege metodar i sin kamp for å spreie den islamske revolusjonen, velte sekulære og autoritære regime i regionen, og å ramme deira støttespelarar i Vesten, først og fremst USA. Det er naturleg nok når denne kampen manifesterer seg i større terroraksjonar at dei opinionsdannande media grip fatt i temaet og det oppstår ei umiddelbar assosiering mellom islam og terrorisme. På 1990-talet har avisoppslaga om massedrapa på sivile av «islamske fundamentalistar» anten det er Hamas sjølvmordsaksjonar i Israel, GIAs massakrar i algeriske landsbyar eller åtak på Egypt sin turistindustri, ytterlegare forsterka skremselsbiletet av islam.

Då hjelper det lite at omtrent ei samla islamsk verd går ut og fordømmer denne type terroraksjonar, og at islamske religiøse leiarar viser til at Koranen forbyr vald og drap på sivile. Denne bodskapen når ikkje overskriftene i media og heller ikkje opinionen i Vest i særleg grad. Det har heller ikkje tilbakegangen og marginaliseringa av den radikale islamistrørsla dei siste åra gjort. I staden figurerer Usama Ben Laden på forsidene av norske aviser og framstår som eit bilete på det nye terroristfenomenet: den statsuavhengige, transnasjonale og teknologibaserte terroristen med stor slagkraft og global rekkjevidde.

Media er ikkje åleine om å skape eit fiendebilete av islam med sine feite overskrifter og høgst selektive utval av kva som er nyhende frå ei verd med over 1 milliard muslimar. Redsla for ein flyktningstraum frå sør, spreiing av masseøydeleggingsvåpen, og manifestasjonar på det ein med ei vag samlenemning kallar «ustabilitet» på Europas sørflanke, dvs. Nord-Afrika og Midtausten har fått europeiske regjeringar til å engasjere seg sterkare i å sikre at regima i sør klarer å hanskast med sine interne kriser. Skrekkscenariet for Sør-Europa har vore ei islamistisk maktovertaking i Algerie og Egypt, som dermed ville truge stabiliteten til resten av Nord-Afrika-regionen. Tidlegare generalsekretær i NATO, Willy Claes, utløyste ein storm med sine utsegner i februar 1995 om at islamsk fundamentalisme hadde overteke som Europas største fiende etter kommunismen, men utsegnene hans synast målbere ei breiare oppfatning om at NATO stod andsynes nye tryggingspolitiske utfordringar frå sør. På 1990-talet har redsla for utviklinga i sør avfødd ei rekkje Euro-Middelhavs-«dialogar» og partnerskapsavtalar som blant anna inkluderer militært og økonomisk samarbeid, store bistandsbeløp (Frankrike til dømes gir noko i nærleiken av 6 milliardar franc i årleg bistand til Algerie) og samarbeid mot terrorisme. I sum inneber det auka samarbeidet på bilateralt og multilateralt nivå at Europa sikrar at vaklande autoritære regima i sør overlever sine interne kriser og rir stormen av i kampen mot den interne opposisjonen, som i hovudsak har vore dominert av islamistrørslene.

Den nye intervensjonismen

Samstundes som ein delvis medieskapt frykt for islam har vokse fram på 1990-talet har tida etter den kalde krigens slutt vore prega av ein større grad av intervensjonisme i interne konfliktar og i konfliktløysing. Ein talar om ein revolusjon i fredsbevarande verksemd prega av større breidde (fleire aktørar), og djupne (fleire oppgåver og større ambisjonsnivå) i engasjementet hos det internasjonale samfunnet i konfliktførebygging og konfliktløysing. Det mest markante trekket ved den nye intervensjonismen er likevel den nye haldninga til bruk av militærmakt for å stogge humanitære katastrofar og folkemord, med andre ord «humanitær intervensjon».

Debatten om tryggingspolitiske utfordringar frå sør, inkludert «islamsk fundamentalisme» på den eine sida og humanitær intervensjon på den andre, har i det store og heile vore to ulike fagdebattar som med få unntak har føregått i ulike fagmiljø og med ulike tilnærmingar. Det er likevel grunn til å kople desse nærare saman og sjå kva grunnlag det kan finnast for ei felles forståing av kva humanitær intervensjon er og kva den bør vere.

Det er fleire grunnar til dette. Det synast klart at Natos dreiing frå territorielt forsvar mot «out-of-area» operasjonar vil ha stor meining for Europas tilhøve til sine nærområde. Det er for tidleg å spekulere om Natos tunge militære engasjement på Balkan tyder ei vilje til å bruke tilsvarande maktmidlar i humanitære intervensjonar i andre delar av nærområdet til organisasjonen. Natos reviderte strategiske konsept frå april 1999 avgrensar Natos «out-of-area» handlingsområde geografisk sett til det euro-atlantiske området, noko som er vagt nok til å sannsynlegvis kunne inkludere både Kaukasus, Lille-Asia, Sentral-Asia, og sørlege Middelhavet. I desse nærområda av Europa er islam den dominerande religion trass i store regionale og lokale variasjonar i muslimsk praksis og levesett. Det vil med andre ord seie at Natos neste humanitære intervensjon — dersom det blir nokon i det heile etter Allied Force-operasjonen mot det tidlegare Jugoslavia — vil vere ein stad i den muslimske verda.

Noko av det mest avgjerande for om ein humanitær intervensjon skal lukkast er at flest mogleg av dei sentrale aktørane i konflikten aksepterer at intervensjonen verkeleg er «humanitær» og at det ikkje ligg andre motiv bak som kan skade deira interesser. Graden av legitimitet, samt lokalt og regionalt samtykke til operasjonen, synast vere sentrale kriteria for ein vellykka operasjon. For å meisle ut ein størst mogleg grad av konsensus omkring normer for humanitær intervensjon er det såleis all grunn til å undersøkje om det mogleg å seie noko om korleis humanitær intervensjon kan grunngjeves og legitimerast i islam, eller er det berre tidsgrensa politiske omsyn som avgjer synet på ein humanitær intervensjon? Kva seier eigentleg muslimsk tradisjon om humanitær intervensjon og dei prinsippa ein slik intervensjon bygger på? Og i neste omgang, kva seier leiande politikarar i den muslimske verda om prinsippet om humanitær intervensjon og om tidlegare og pågåande intervensjonar som er blitt kalla humanitære intervensjonar? Er det mogleg å utleie noko generelt som kan seie oss noko om framtidige humanitære intervensjonar leia av NATO i den muslimske verda vil kunne ha naudsynt legitimitet i konfliktområdet og regionen der intervensjonen vil finne stad .

Islam og humanitær intervensjon

Ein nyleg artikkel i tidsskriftet Ethics and International Politics gjer eit forsøk på å kartleggje kva islam og kristendommen seier om ideen om humanitær intervensjon.2 Oliver Rambotham argumenterer at det er «ei overraskande stor grad av semje mellom dei to tradisjonane når det gjeld spørsmålet om humanitær (tvangs-)intervensjon («forcible humanitarian intervention»), tilstrekkeleg til å danne eit grunnlag for ei felles doktrine». Det er samstundes klart at omgrepet humanitær intervensjon er så nytt at det finst få autorative arbeid på temaet. Ein sentral konklusjon er likevel at sidan islamsk rettslære i hovudsak vert relatert til det islamske fellesskapet, ummah, og ikkje til nasjonalstaten, som det konstituerande elementet i internasjonal lov, er ikkje spørsmål knytt til statssuvereniteten og ikkje-innblandingsprinsippet i same grad gjeldande. Nasjonalstaten er berre «ein midlertidig fase i mennesket si utvikling» på veg mot det all-islamske fellesskapet. Dette opnar for ein større aksept av intervensjon mot statar der omfattande og massive menneskerettsbrot foregår utan at omsynet til statssuvereniten er ein prinsipiell hindring. I følgje Ramsbotham vil islamsk rettslære kunne bruke dette prinsippet jamvel i tilfelle der det er ikkje-muslimske minoritetar som er forfølgde av eit muslimsk regime.

Så langt om islamsk rettslære. Relevansen av denne lære for politisk åtferd i den muslimske verda synast ofte å vere minimal. Statane i den muslimske verda er nye, utan lange statstradisjonar og sterke statsberande institusjonar med brei folkeleg legitimitet. I tillegg slit dei fleste muslimske statar med sterke interne konfliktar, og det er relativt få muslimske land med demokratiske styreformer. Dette inneber blant anna at synet på humanitære intervensjonar, i alle fall på regjeringshald, er prega av frykt for ekstern innblanding i indre saker og internasjonalisering av interne konfliktar. Når det gjeld islamske opposisjonsgrupper og geriljarørsler indikerer ein nyleg studie at synet på FN og fredsbevarande operasjonar i regi av FN hjå islamistiske grupperinger skil seg klart frå den relativt hatske haldninga desse gruppene har til USA, Vesten og NATO.3 Jamvel om verdsorganisasjonen ofte blir framstilt som eit verkty for interessene til stormaktene, er ei styrking av FN og organisasjonen sine konfliktløysande instrument eit uttala mål for fleire islamistiske opposisjonsgrupper. Synet på FNs fredsbevarande styrkar er også prega av den relativt større legitimiteten til FN samanlikna med USA og Vesten. Eit case-studie av Hizbollahs sameksistens med UNIFIL i Sør-Libanon illustrerer klart at UNIFIL på langt nær har blitt assosiert som eit potensielt mål slik tilfellet var med den USA-leia ikkje-FN operasjonen Multinational Force i Beirut i 1982-1984. For å kunne seie meir om synet på humanitær intervensjon i den islamske verda kan vi kaste eit blikk på reaksjonane i den islamske verda på Natos Allied Force-operasjon mot det tidlegare Jugoslavia.

Reaksjonar i den islamske verda på Natos intervensjon mot det tidlegare Jugoslavia

Krigen mot det tidlegare Jugoslavia har i første rekkje vekt harme i Russland og Kina, men i mindre grad i den islamske verda. Russlands nære band til sine slaviske brør i Jugoslavia og frykta for Natos tilsidesetjing av FNs tryggingsråd ligg til grunn for dei sterke russiske reaksjonane, Kinas haldning må også forståast på bakgrunn av den presedensen som ein slik inngrep i ein suveren stat utan FN-godkjenning inneber, i tillegg til den umiddelbare harmen over bombinga av Kinas ambassade i Beograd. Når det gjeld den islamske verda har reaksjonane vore uklare og tvisynte, og dei har ikkje vore særleg framme i nyhendebiletet her heime.

Ved første augnekast skulle ein forvente jublande tilrop frå den muslimske verda ved at NATO no endeleg tok eit oppgjer med eit regimet som har fore fram på eit så brutalt sett mot sine muslimske minoritetar. Under heile UNPROFOR perioden i Bosnia-Herzegovina i første halvdel på 1990-talet var kritikken frå den islamske verda relativt eintydig: at FN og vestmaktene svikta sitt ansvar og tillét eit folkemord mot muslimane, og at våpenembargoen ramma berre muslimane. Mange opposisjonsgrupper i den islamske verda retta likevel hovudskytset sitt til sine eigne regjeringar som ikkje tillét «frivillige» å reise til Bosnia for å kjempe for muslimane. Jamvel om omlag eittusen frivillige frå arabiske og muslimske land skal ha delteke på bosnisk side i borgarkrigen, var entusiasmen for denne type militærstønad til dei muslimske bosniarane avgrensa. Egypt stod fremst i rekkje av dei muslimske statane som mislikte utsendinga av frivillige. Grunnen var dei sterkt negative erfaringane ein hadde med dei frivillige som reiste til Afghanistan på 1980-talet for å sloss mot den sovjetiske okkupasjonen. Då desse såkalla «Afghanistan-veteranane» vende attende til heimlanda sine, danna dei ofte kjernen i det mange såg som eit internasjonalt nettverk av militante islamske grupper som kjempa mot sine regjeringar med valdelege middel. Ein ville ikkje ha ein repetisjon av fenomenet Afghanistan-veteran, og fleire arabarstatar la jamvel hinder i vegen for islamske humanitære organisasjonar som dreiv humanitærhjelp i Bosnia i redsle for at denne verksemda kunne tene som eit skalkeskjul for militante islamske grupper som ynskte å sende rekruttane sine til Bosnia for trening i våpenbruk og geriljataktikk.

I den islamske verda har ein tala tvisynt om Natos operasjon mot det tidlegare Jugoslavia; prinsippet om ikkje-intervensjon utan mandat frå FNs tryggingsråd står opp mot solidariteten med dei kosovoalbanske muslimane. Eit døme er Irans utsegner om Allied Force-operasjonen 29. april i år. Den iranske utanriksministeren Kamal Kharrazi, som for tida også er formann i den pan-islamske organisasjonen Organization of Islamic Conference (OIC) uttala i eit intervju at ein i prinsippet meiner at «makt må brukast for å stogge denne type inhumane og undertrykkjande åtferd».4 Likevel understrekar han at «hovudpoenget er kven som har retten til å treffe ei avgjersle på dette punktet. Det er etter vårt syn FNs Tryggingsråd (...) NATO har angripe Beograd på grunn av sine maktpolitiske ambisjonar (...) og vårt nasjonale syn er derfor at vi er imot Natos operasjonar fordi NATO har engasjert seg i denne operasjonen på eiga hand (utan FN mandat)». Dette standpunktet har møtt mykje kritikk i den stadige friare iranske pressa som meiner Irans utanrikspolitikk er inkonsistent på dette punktet og at Iran sviktar i sin solidaritet med dei muslimske kosovoalbanarane for å dyrke sine relasjonar med Russland.

Den islamske verda har altså vore splitta i synet på Natos humanitære intervensjon. Dei statane som kritiserer Natos intervensjon viser i første rekkje til det utanriksminister Kharrazi kallar «den strategiske betydninga av Natos aksjon». I følgje dette synet er Natos Allied Force operasjon berre eit ledd i ei lang rekkje av USA leia unilaterale aksjonar som involverer militær maktbruk utan FN autorisasjon, til dømes den gjentatte bombinga av Irak, missil-åtaka mot Usama Ben Laden sine «basar» i Afghanistan og Sudan, og som tek sikte på å skape «ein ny presedens i internasjonale relasjonar (...) der stormaktene kan ty til militær maktbruk for å fremje sine interesser når dei måtte ynskje det».5

Det einaste islamistiske regime i den arabiske verda, Sudan, uttala seg i endå sterkare vendingar mot Natos operasjon i Kosovo. «Trass i alt snakket om menneskerettar og sivilisasjon, så kom ikkje Natos intervensjon for å verne om dei kosovoalbanske muslimane, men for å evakuere den europeiske muslimske minoriteten frå det europeiske kontinentet», uttala Sudans president og diktator, general Umar Bashir, til det offisielle sudanesiske nyhendebyrået i april i år.6 Ein har med andre ord svært vanskeleg for å akseptere at NATO kan ha humanitære intensjonar i det heile.

I den palestinske pressa har Kosovo-dramaet vekt sterke reaksjonar. Ein har vore snar med å dra parallellar til det palestinske nakba, eller «katastrofen» frå 1948 då hundretusener av palestinarar måtte flykte frå heimane sine under trugsmålet frå krigshandlingar og terroraksjonar frå militante sionistar. Men også her er ein svært tydeleg i å understreke at den djupe palestinske sympatien for kosovoalbanarane sin lagnad «ikkje har noko som helst å gjere med støtte eller mangel på støtte for Natos operasjonar mot serbarane», og om desse skal ha FN-mandat eller ikkje. Hani al-Masri i den regjeringsstru avisa al-Ayyam i Gaza framhevar at palestinarane støttar kosovoalbanarane sin rett til sjølvstende, og fordømmer Milosevic’ etniske reinsing på det sterkaste. Palestinarane, i følgje al-Masri, rettar samstundes mykje kritikk mot dei arabiske og islamske statane og deira mangel på engasjement for Kosovo.7 «Dei arabiske og islamske statane har vore tagale for det meste, eller skammeleg lydige overfor den eine eller andre parten (...) Muslimske og arabiske land skulle i det minste støtte Ramboillet-avtalen», skriv Hani al-Masri. Men også her har ein mange reservasjonar når det gjeld Natos militære maktbruk. al-Masri listar opp ei lang liste over det han meiner er «Natos strategiske grunngjeving for krigen mot Beograd», som varierer frå «Jugoslavias avvisning av å bli med i NATO og EU (?!)», til «det generelle hykleriet om Den nye Verdensordninga» som USAs president George Bush tala så varmt om etter krigen mot Irak i 1991. Det siste punktet er særskild viktig i mykje av det som skrivast om humanitær intervensjon og militærmakt i den islamske verda. I følgje Hani al-Masri har «Den nye Verdsordninga (...) plassert Washington på tronen som verdas einaste politimann med makt til å disiplinere opprørske og uregjerlege element uansett om desse er uskuldige eller ikkje».8

Medan ein i palestinsk presse har hatt vanskar med å forklare kvifor NATO ville engasjere seg militært for dei muslimske kosovoalbanarane si sak, har ein på israelsk side debattert implikasjonane av Natos Allied Force operasjon. Statsminister Netanyahu har offisielt uttrykt «forståing» for Natos aksjonar, men samstundes oppgradert Israels relasjonar med Russland. Den omstridde utanriksminister Ariel Sharon vekte imidlertid storm med utsegnene sine om at «den serbiske presedensen» var eit illevarslande teikn for Israel, og at antyda det svært så imaginære scenariet at Natos neste aksjon kunne bli retta mot Israel dersom den arabiske minoriteten i Israel (Vestbreidda og Gaza unnateke) byrja å agitere for sjølvstyre. Det er tydelegvis eit mindretal i Israel som støtter eit slikt syn, og ein kan håpe at tragedien i Kosovo vil bidra til å marginalisere dei ytterleggåande partia i israelsk politikk som framleis har ein «befolkningsoverflytting» av palestinarane på partiprogrammet sitt.

Sjølv om fleire muslimske statsleiarar, som til dømes den pro-vestlege Kong Abdullah av Jordan, har klart gått ut for å støtte Natos intervensjon, og vektlegg sterkt den humanitære dimensjonen ved Natos aksjon og flyktningane sin lagnad,9 synast det klart at jamvel Vestens tradisjonelle støttespelarar i den islamske verda er kritiske til den mangelen på forankring i overordna prinsipp og normer som no synast å prege vestleg bruk av militærmakt. Dette påverkar naturleg nok haldninga deira til ideen om humanitær intervensjon. Ein bosnisk-muslimsk redaktør i veketidsskriftet Ljiljian skreiv i desember 1998 på leiarplass at «det er USAs mangelen på prinsipp som har bidrege til dei negative reaksjonane i den islamske verda på den amerikanske militære intervensjonen i Irak (...) Det siste åtaket på Irak vil berre styrke den generelle oppfatninga i den islamske verda (...) at USAs Tomahawk-missiler blir avfyrte utan særlege restriksjonar når det er muslimar det er tale om, jamvel om det er under Ramadan eller ikkje».10

Nye europeiske utrykningsstyrker for fredsbevaring og humanitær intervensjon i Middelhavsregionen vekkjer sterke protestar

Den utbreidde skepsisen til ideen om humanitær intervensjon synast å vere frykta for at det uunngåeleg vil tene som påskott for stormaktene til militær maktprojeksjon og intervensjon til fordel for eigne nasjonale interesser. I 1995-6 då dei tre søreuropeiske statane Frankrike, Spania og Italia (Portugal vart med noko seinare) gjekk saman om å danne ein landbasert og ein sjøbasert utrykningsstyrke («rapid reaction forces») for fredsbevarande og humanitære føremål i Middelhavsregionen (EUROFOR og EUROMARFOR), var ein vitne til ein storm av protestar frå fleire arabiske statar langs Middelhavet.

På arabisk side såg ein desse uttrykningsstyrkane som eit klart teikn på at europeerne no for alvor planla militær intervensjon i interne konflikter i regionen uten at dei arabiske statane var konsultert, invitert til å delta, eller at spørsmål om legitimering og mandat var avklarte. Libya var den mest høgrøysta av arabarstatane i sine protestar og innkalla med ein gong ambassadørane frå Italia, Spania og Frankrike for å uttrykkje harme over denne nye styrkestrukturen (jamvel om tilsvarande styrker hadde eksistert på nasjonalt nivå i Sør-Europa sidan 1980-talet).

Sidan eit av dei erklærte måla for dei nye styrkane var å evakuere europearar frå konfliktområde i sør i ein naudsituasjon, meinte den libyske leiinga at dette tiltaket «gir oss retten til å opprette tilsvarande styrker for å verne arabarane i Europa».11 Den egyptiske pressa tok også opp temaet ved fleire høve. Den kjende skribenten Salamah Ahmad Salamah noterte seg at jamvel om dei nordafrikanske arabarstatane er tente med større økonomisk og politisk samkvem med Europa, vil det faktum at europearane «planlegg militære og tryggingsmessige tiltak utan å involvere dei statane det gjeld, reise eit fjell av tvil og mistru».12 Tråden vart snart teken opp av den all-arabiske organisasjonen Den Arabiske Liga som vedtok ei rekkje resolusjonar der ei arabisk verd uttrykte si «bekymring over danninga av ein europeisk intervensjonsstyrke så vel som ein amfibisk styrke for Middelhavsregionen, ei handling som kan innverke på arabiske nasjonale interesser og kan ha ein effekt på arabiske relasjonar med Europa». Resolusjonen understreka vidare at «unilaterale handlingar slik som danninga av desse styrkestrukturane, var i strid med Barcelona-avtalens prinsipp (med andre ord EUs partnerskapsavtale med statane i Middelhavsregionen)».13 Dei svært så negative reaksjonane på opprettinga av desse intervensjonsstyrkane har fått dei søreuropeiske statane til å intensivere sine tillitsbyggjande dialogar med landa i Nord-Afrika. Italia, til dømes, oppgraderte sine militære samarbeidsprogram med fleire av statane i Nord-Afrika og har drive lobbyverksemd innanfor EU og NATO om at Middelhavssamarbeidet og tillitsskapande verksemd med landa på Europas sørflanke må få ein breiare plass.14

Konkluderande merknader

Både reaksjonane frå Natos operasjon mot Det tidlegare Jugoslavia (FRY) og erfaringa med EUROFOR og EUROMARFOR illustrerer på mange måtar kor kontroversielt omgrepet ‘humanitær intervensjon’ er utanom Europa. Jamvel om intervensjonen mot FRY i hovudsak er for å verne om dei muslimske kosovoalbanarane, har det på langt nær vore nokon samstemt støtte for aksjonen rundt om i den islamske verda. Ein lærdom kan vere at ein framleis har langt å gå før verdssamfunnet har etablert klarare prinsipp og køyrereglar for når ein humanitær intervensjon er legitim. Å avgrense diskusjonen om naudvendet av eit mandat frå FNs tryggingsråd er såleis kanskje eit feil spor sidan det automatisk blir eit spørsmål om interessene til dei faste medlemmene i rådet. Det trengst kan hende ein debatt om dei prinsipielle vilkåra for ein humanitær intervensjon, der også den ikkje-vestlege delen av verdssamfunnet får spele ein meir framståande rolle. Vidare er det klart at så lenge dei leiande nasjonane i NATO, først og fremst USA, har utanrikspolitiske og tryggingspolitiske interesser i den islamske verda som inneber ein politikk som går på akkord med normer om menneskerettar og demokrati, vil det vere problematisk å skape ein breiare og meir global konsensus om ideen om humanitær intervensjon.



Brynjar Lia. Forskar ved Forsvarerets Forskningsinstitutt (FFI), Pb 25, 2027 Kjeller. E-post Brynjar.Lia@ffi.no

1 For ei analyse av denne debatten, sjå Brynjar Lia, «Islamismen som tryggjingspolitisk utfordring» i B. Bull og A. Kjølberg: Sikkerhetspolitisk tenkning i en ny tid (Oslo, Europaprogrammet, 1998).

2 Oliver Ramsbotham, «Islam, Christianity and forcible humanitarian intervention», i Ethics and International Politics 12 (1998), s. 81-102.

3 Brynjar Lia, «Islamist perceptions of the UN and its peacekeeping missions: Some preliminary findings» i International Peacekeeping 5:2 (Summer 1998), s. 38-63.

4 «Interview with Iranian foreign minister Kamal Kharrazi on IRIB Television Second Program Network in Persian 1703 GMT 29 April 1999», FBIS-NES-1999-0430.

5 Ibid.

6 «President questiones NATO's Kosovo intervention 27 April 1999», FBIS-AFR-1999-0428

7 «Writers Note Kosovo-Palestinian Analogy 06 April 1999», FBIS-NEW-1999-0407

8 Ibid.

9 «King Abdallah CNN Interview, 03 May 1999», FBIS-NES-1999-0504

10 «Sarajevo Weeklyu Critizes US Intervention in Iraq 23 December 1998» FBIS-NES-98-357

11 «Foreign secretary Summons Envoys Over Planned Euro-Force, Libyan Television Network (Tripoli) 10 november 1996» FBIS-NES-96-219.

12 Salamah Ahmad Salamah: «Intervention on whose account?», i Al-Ahram (Kairo) 28. november 1995, s. 10.

13 «Arab League concerned about European intervention force», i Middle East News Agency, 25. mars 1998 (FBIS-NES-98-085)

14 For eit oversyn over Euro-Middelhavssamarbeidet på 1990-talet, sjå Brynjar Lia, The quest for regional security in the Middle East and North Africa: European and Arab security organisations in the Mediterranean (Kjeller, FFI-Report 1999).

Kontaktinformasjon til redaksjonen og tidsskriftet